"Den dag kjem aldri at eg deg gløymer,
for om eg søver, eg om deg drøymer.
Om natt og dag er du like nær,
og best eg ser deg når mørkt det er.
Du leikar kringom meg der eg vankar.
Eg høyrer deg når mitt hjarta bankar.
Du støtt fylgjer meg på ferdi mi,
som skuggen gjeng etter soli si.
Når nokon kjem og i klinka rykkjer,
det er du som kjem inn til meg, eg tykkjer:
Eg sprett frå stolen og vil meg te,
men snart eg sig atter ende ned.
Når vinden lint uti lauvet ruslar,
eg trur det er du som gjeng der og tuslar!
Når sumt der borte eg ser seg snu,
eg kvekk og trur det må vere du.
I kvar som gjeng og som rid og køyrer,
det er du eg ser, deg i alt eg høyrer:
i song og fløyte-og felelåt,
men endå best i min eigen gråt."
Aasmund Olavsson Vinje (1866)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar